Bildehandtering

Opprettet av Stian Nesdal, Endret Mon, 27 Jul ved 2:55 PM av Morten Hilde

Bilete av elevar

Som skule- eller elevadministrator kan du laste opp bilete av enkeltelevar og redigere bilete.
Skuleadministrator kan i tillegg laste opp bilete i bulk (batch-opplasting).

Krav til bilete

  • Sørg for jamn og fin belysning i ansiktet
  • Ta biletet mot ein einsfarga vegg
  • Ikkje bruk caps, hatt, solbriller eller liknande. Hijab er akseptert av religiøse omsyn
  • Ansiktet og øvre del av kroppen skal vere godt synleg, i tråd med filteret i applikasjonen
  • Ikkje bruk filter som retusjerer ansiktet eller legg til digitale element som dyreøyre, stjerner, glitter og liknande
  • Det skal ikkje vere andre menneske eller dyr på biletet
  • Bilete skal ikkje vere av seksuell karakter
  • Ver naturleg, utan grimasar, trutmunn og liknande

Verifisering av bilete

For å sikre god kvalitet på bileta bør skulane etablere ein fast rutine der skuleadministratorane, i samarbeid med lærarane, godkjenner bileta som blir brukt som elevbevis.

Bilete med biletstatus «godkjent» eller «til godkjenning (av elev)» blir automatisk overført til Visma InSchool, og vil i stor grad erstatte tidlegare skulefotografering. Det er difor avgjerande at elevane både tek bilete, og at bileta held god kvalitet. Det blir oppmoda til å arrangere felles fotografering, der ein sikrar at elevane tek bilete på nøytral (kvit) bakgrunn, samstundes som ein kjem i gang med bruken av løysinga.


Alle bilete bør gjennomgåast, og anten godkjennast eller tilbakestillast dersom biletet ikkje oppfyller krava.
Berre bilete med biletstatus «godkjent bilete» eller «til godkjenning (av elev)» blir overført til FINT.



Slik verifiserer du bilete:

  1. Vel biletstatus «Bilete tatt av elev» frå nedtrekkslista
  2. Huk av for «vis bilete»
  3. Gå gjennom bileta og trykk «tilbakestill bilete» eller «godkjenn bilete»
  4. Lista og biletstatusen til eleven blir oppdatert fortløpande
  5. Ved tilbakestilt bilete får eleven beskjed i applikasjonen, og må gjennomføre same prosedyre som ved fyrste gongs opplasting


Vel du å berre vise «bilete tatt av elev» i biletstatusfeltet, vil kun bilete som ikkje er handsama, visast. Etter kvart som bilete blir godkjent eller tilbakestilt, forsvinn dei frå visninga. Ved tilbakestilling av bilete får du høve til å gi ei tilbakemelding på biletet, til dømes «fleire personar synest på biletet»



Rutiner

  • Gjennomgå og verifiser alle bilder i henhold til definerte krav til bilder. 
    Det er kun bilder med bildestatus "godkjent bilde" og "Til godkjenning (av elev) som vil bli overført til FINT




E-postvarsling om uløyste oppgåver i webgrensesnittet

Under «innstillingar» i PocketID kan du sjå alle administratorane på skulen, og velje kven som skal motta e-post med oppgåver i PocketID Portal webgrensesnittet.



Dette gjer du ved å tilbakestille biletet, på same måte som ved verifisering:

  1. Finn fram til aktuell elev ved å bruke søkje- eller filtreringsfunksjonen i portalen, anten frå hovudsida eller frå ei enkelt skule
  2. Vel «tilbakestill bilete»
  3. Varsle eleven om at biletet er tilbakestilt, og at vedkommande snarleg må ta nytt bilete
  4. Følg opp i etterkant at nytt bilete blir lasta opp




Endring av bilete

Med unntak av nye elevar, skal bilete i hovudsak kome inn automatisk frå tidlegare år. Om ein elev byter skule innanfor same fylke, følgjer biletet med. Biletet blir låst i applikasjonen, og eleven kan ikkje endre det sjølv. I nokre tilfelle kan likevel eleven, av ulike årsaker, ønskje å endre biletet sitt.


Dette gjer du ved å tilbakestille biletet, på same måte som ved verifisering:

  1. Finn fram til aktuell elev ved å bruke søkje- eller filtreringsfunksjonen i portalen, anten frå hovudsida eller frå ei enkelt skule
  2. Vel «tilbakestill bilete»
  3. Varsle eleven om at biletet er tilbakestilt, og at vedkommande snarleg må ta nytt bilete
  4. Følg opp i etterkant at nytt bilete blir lasta opp


Sette biletet tilbake til eit tidlegare bilete

På elevkortet kan du sjå tidlegare bilete som er brukt. Her kan du sjå bilete som er tilbakestilte, tilbakestille til eit tidlegare bilete, fjerne biletet, eller laste opp eit nytt bilete.


Denne funksjonen kan brukast dersom eleven til dømes ønskjer å bruke eit tidlegare bilete, eller av andre årsaker ikkje er i stand til å laste opp eige bilete.



Var denne artikkelen nyttig?

Så bra!

Takk for din tilbakemelding

Beklager at vi ikke kunne være mer til hjelp

Takk for din tilbakemelding

Fortell oss hvordan vi kan forbedre denne artikkelen.

Velg minst én av grunnene

Tilbakemeldingen er sendt inn

Vi setter pris på tilbakemeldingen din og vil prøve å rette på artikkelen