Last opp elevbilete i PocketID
Denne rettleiinga viser korleis skular kan laste opp bilete av elevar i PocketID – anten mange bilete samtidig (batch), eller eitt bilete om gongen for éin enkelt elev.
Sjå videoen
Videoen under viser korleis skular kan laste opp mange elevbilete samtidig til portal.pocketid.no.
Nytt: No kan du også laste opp ei .zip-fil direkte frå fotografen i PocketID. Du treng ikkje lenger pakke ut bileta slik det er vist i videoen.
Kort Oppsummert - Last opp bilete for fleire elevar samtidig
- Gå til Innstillingar for aktuell skule.
- Trykk på Last opp bilete i menyen til venstre.
- Vel filene du vil laste opp (enkeltbilete eller ei .zip-fil frå fotografen).
- Hak av for Overskriv eksisterande bilete dersom du vil erstatte bilete som allereie ligg inne.
Korleis bileta vert overførte vidare (FINT/VIS)
PocketID overfører bilete til FINT i dei fleste fylka. Frå FINT er det opp til VIS og andre tenester å hente og importere bileta vidare.
Merk: Overføring av bilete frå FINT til Visma InSchool (VIS) er framleis under testing. Bileta vert difor ikkje overførte automatisk frå PocketID til Visma InSchool enno.
Last opp eller endre bilete for éin elev
Vil du berre laste opp eller byte ut biletet til éin elev, gjer du dette frå elevkortet:
- Gå til Rediger elev (den blå knappen) på eleven det gjeld.
- Hald musepeikaren over biletet, og trykk på Endre bilete.
- Trykk på Browse og vel biletfila du vil laste opp.
- Biletet vert no vist i PocketID.
- Trykk på den grøne Lagre-knappen øvst i biletet.
- Trykk på Bytt bilete for å stadfeste bytet.
- Husk og trykk på Lagre student når du er tilbake på hovudsida i «Rediger elev».
Var denne artikkelen nyttig?
Så bra!
Takk for din tilbakemelding
Beklager at vi ikke kunne være mer til hjelp
Takk for din tilbakemelding
Tilbakemeldingen er sendt inn
Vi setter pris på tilbakemeldingen din og vil prøve å rette på artikkelen