Før du tar appen i bruk
For å ta i bruk PocketID må skulen, studiestaden eller fylkeskommunen din ha ein avtale med oss.
Her finn du ei liste over skulane som brukar PocketID

Last ned appen
PocketID-appen kan lastast ned i Google Play for Android-telefonar og i App Store for iPhone.
- iOS: https://apps.apple.com/no/app/pocketid/id1208092318
- Android: https://play.google.com/store/apps/details?id=no.pocketid.app130627
Logg deg inn
Når du har lasta ned appen, loggar du deg inn med den metoden skulen din har informert om. For dei fleste vil dette vere Feide, men du kan berre logge deg inn med den metoden du har fått beskjed om å bruke.
Du brukar det same brukarnamnet og passordet som du brukar i andre system på skulen. Dersom du får melding om feil brukarnamn eller passord, må skulen, studiestaden eller fylkeskommunen din rette dette – dette er ikkje noko PocketID kan ordne direkte.
Problem med Feide-innlogging? Dersom noko går feil under Feide-pålogginga, får du ei feilmelding og ein feilkode i Feide sitt vindu. Ta med deg feilkoden når du tar kontakt med support, slik at dei kan hjelpe deg raskare.
Problem etter godkjend Feide-innlogging?
Ta kontakt med den lokale IT-supporten din, eller send oss ein e-post på support@pocketid.no.
Var denne artikkelen nyttig?
Så bra!
Takk for din tilbakemelding
Beklager at vi ikke kunne være mer til hjelp
Takk for din tilbakemelding
Tilbakemeldingen er sendt inn
Vi setter pris på tilbakemeldingen din og vil prøve å rette på artikkelen